apr 072011
 

Ordførarkandidaten til Senterpartiet, Edvard Johannes Stangeland, er noko så sjeldan som ein smålåten politikar. Men merkelappen døropnar likar han godt.

Austevoll kommune sin veg rett inn i hjarta til regjeringsapparatet har dei siste åra gått via Edvard Johannes Stangeland. Varaordføraren og listetoppen til Senterpartiet likar ikkje å skryta av seg sjølv. Partikollegane Ingolv Skumsnes og Lars Knut Årland må nesten seia det for han.

– Det er vel rett å seia at du har hatt mykje å gjera med strandsoneføreskriftene, minnar Skumsnes Stangeland om.

– Her har me vore nasjonalt viktige. Og me må slett ikkje gløyma at Senterpartiet si Hege Solbakken frå Austevoll har hatt mykje av ansvaret for utforminga av føreskriftene der inne i Oslo, supplerer Årland.

Edvard Johannes Stangeland går med på at han har hatt sitt og seia.

– Eg har vore døropnar ved mange Oslo-besøk, og statsrådane våre hugsar meg att, seier Edvard, og fortel ein anekdote om Magnhild Meltveit Kleppa, som slett ikkje trengde nokon reintroduksjon til den joviale stolmaren.

Partiet vil lokalt gjerne leggja til rette for meir bygging i strandsona, men ikkje på ein slik måte at det kjem i konflikt med klare friluftsinteresser.

Antisentralisering

Sjefen sjølv, Edvard Johannes Stangeland, er klar på at partiet hans står sterkt mot sentralisering av nokre tenester i kommunen.

– Senterpartiet har stått på barrikadane for ein desentralisert skule. Me vil ikkje at det vert meir skulesamanslåingar no, seier Edvard Johannes, og peikar på at den planlagde rehabiliteringa og utvidinga av Selbjørn skule, saman med ny idrettshall på staden, kjem det til å sementera denne skulen endå sterkare.

– Me er glade for at det kan verta eit spleiselag mellom kommune, idrettslag, investorar og tippemidlar, seier Edvard Johannes.

Fleirtalet av listekandidatane til Senterpartiet har tilknyting eller bustadsadresse Stolmen, rett nok er det betre geografisk spreiing på toppen av lista. Det er ikkje tilfeldig, meiner Stangeland, som òg har fått med seg den politiske ringreven, tidlegare ordføraren og gründeren Magnus Stangeland på lista.

– Eg er heilt sikker på at Magnus kjem til å vera ein skikkeleg stemmesankar for oss. Han er jo òg stolmar i hjarta. Partiet vårt har alltid stått sterkt der ute, men sjølv brenn eg for heile Austevoll, seier den folkelege varaordføren.

Bustadar i utkanten

Lars Knut Årland er lukkeleg over husbygging og etablering har skote fart i dei relative utkantane av Austevoll.

– Noko av det viktigaste me kan gjera som politikarar er å leggja til rette for at unge folk kan flytta attende og etablera seg i bygda dei vaks opp i. Sjå berre på dei nye bustadfelta på Storekalsøy og Stolmen. Kjempeflott! seier han.

På Drøno er det mykje av det same, meiner Reidun Drønen, som gjer politisk comeback etter ein pause på to periodar.

– Eg er snart den eldste på heile Drøno, smiler 63-åringen.

Næringspolitikk ligg hjarta til senterpartistane nært. Edvard Johannes sin store baby dei siste åra har vore hamneutbygginga Rabben-Salthella. Lars Knut Årland meiner at ein må sjå vidt på etableringa.

– Det er ikkje berre moloar og ei hamn me får. I prosjektet ligg det store moglegheiter for bedriftsetableringar, seier han.

– Og næringsområde er ei klar mangelvare i Austevoll, supplerer Ingolv Skumsnes.

Ordførarkandidaten deira er så og seia sikker på at prosjektet vert gjennomført.

– Det har gått så mykje på skinner, at eg vanskeleg kan sjå at det kjem til å spora av no så seint i prosessen, seier han. Dermed ventar 220 statlege kroner på å verta investerte på Selbjørn.

Avskaffa eigedomsskatten

Senterpartiet vart saman med Høgre det partiet som mothårs måtte svelga eigedomsskattskamelen, då han vart innført.

– Me klarte rett og slett ikkje å sjå nokon annan utveg, men når det oppsamla underskotet er borte, skal denne ufyselege pesten òg bort, slår Edvard Johannes Stangeland fast.

Stolmaren meiner òg at rutetilbodet til dei ytre øyane, mellom dei sommarens stjernestogg på Hevrøy, er særs viktig for Austevoll.

– Rett nok er ikkje dette i fare akkurat no, men me må ikkje sleppa taket, understrekar Edvard Johannes.

Samferdsle er sjølvsagt framleis ei kampsak for Senterpartiet.

– Betre ferjesamband sørover er heilt naudsynt, og noko me vil sjå nærare på, melder Ingolv Skumsnes.

Bilete: Ingolv Skumsnes (kumulert på andreplass), Reidun Drønen (tredjekandidat) og sjølvskriven ordførarkandidat Edvard Johannes Stangeland vil mellom anna kjempa mot meir sentralisering av skulane.