nov 032017
 

Korleis kan ein ny veg til fleire millionar stå steng etter at han tilsynelatande har fått fersk, god asfalt lagt? Nedbør har skulda, og dikterer jamvel når skaden kan reparerast.

 

Det var då kaka skulle glaserast at skaden skjedde: Asfalten skulle leggjast, ei skipslast med asfalt låg klar til kai, og det var rett og slett ingen veg attende, forklarar senioringeniør Eivind Suphammer i Austevoll kommune.

– Det hadde regna enorme mengder natta i førevegen, men med ei last asfalt klar og eit team frå asfaltøren klar vart gode råd dyre: Asfalten vart lagt, seier Suphammer. I ettertid har entreprenøren, Stord Anlegg, sjølv kontakta kommunen og konstatert at arbeidet ikkje heldt mål, og må takast opp att.

Dagleg leiar i Stord Anlegg, Knut Olav Skaar, stadfestar at det skar seg då asfalten vart lagt.

– Det var mykje for blautt lengst nede i dalen. Dekket var så vasstrekt at det einskilde stadar vart for tyng lag med asfalt. Dette skal me gjera om att, men me treng minst eit par dagar med opplett før me kan få i gang med dette arbeidet, kommenterer Skaar, som i likskap med Suphammer poengterer at det var vanskeleg å senda asfaltbåt og laget som skulle leggja det harde køyreunderlaget heimatt.

– No er me avhengige av nokre dagar med opplett før me kan få retta opp arbeidet, avsluttar Skaar i Stord Anlegg.

Av Trond Hagenes