nov 092017
 

 

Ta julehandelen lokalt, er oppmodringa frå den handelsnæringa. I dag startar årets julekampanje i over 30 lokale butikkar. Frå venstre Hege Lauvik frå næringsrådet, Sigrun Blindheim som er initiativtakar og innehavar av blomebutikken på Storebøportalen og lokalpolitikar Sofie Bøe Tømmerbakke.

Austevollingane er allereie flinke til å nytta dei lokale forretningane, men gløym no for all del ikkje å ta julehandelen her heime, oppmodar næringa.

 

Jula er, i likskap med sommaren, ei avgjerande tid for den lokale detaljhandelen samtykkjer leiar i Austevoll næringsråd, Hege Lauvik, lokalpolitikar Sofie Bøe Tømmerbakke (SP) og eldsjel for julekampanjen, Sigrun Blindheim.

– Me dreg i gang julekampanjen vår allereie i dag. Dei er med frå dei minste butikkane til dei store sentra, seier Blindheim til Marsteinen. I alle butikkane som er med kan du henta deg eit klyppekort. Dei som handlar ti lokale julegåver vert med i trekkinga av premiar.

– Me har berre opplevt positive attendemeldingar. Kommunen er òg med, og hjelper oss mellom anna med noko av materiellkostaden, supplerer Lauvik frå næringsrådet.

Gode kundar

Kampanjen til den lokale handelstanden er slett ikkje å rekna som noko rop om hjelp, men er meir å rekna som ei lita påminning – ikkje minst om at du slett ikkje treng å løysa ferjebillett eller surfa på verdsveven for å finna gåvene.

– Kvar gong eg får besøk utanfrå kommunen og tek dei med på handletur, vert dei imponerte over kvaliteten over butikkane me har i Austevoll, seier Sofie Bøe Tømmerbakke. SP-politikaren meiner at ein slett ikkje treng å reisa over fjorden for å handla til jul.

– Tek du ein roleg handlerunde på øyane, slepp du noko av jaget. Ta det heller som eit motsvar til Black Friday, smiler Tømmerbakke.

På Bekkjarvik torg peikar Vibeke Møgster på at kampanjen fyrst og fremst handlar om å bevisstgjera øyfolket. Ho seier at det for mange er viktig med ein god handel fram mot jul for å komma i hamn med budsjetta for i år.

 

Av Trond Hagenes