nov 092017
 

Åse Hauge, med hytte og røter på Blåsternes, debuterer på husflidsmessa denne helga.

 

Åse Hauge hadde aldri teke i ein pensel før ho fekk målesaker i julegåve for to år sidan.

På laurdag tek ho med seg måleria sine til julemessa i Austevollhallen for fyrste gong.

 

Det er på hytta på Blåsterneset det meste av kunsten til Åse vert skapt. På store lerret leikar ho seg med sterke fargar, alt etter kva humør ho er i.

– Eg veit aldri kva eg skal måla når eg byrjar. Eg vel berre fargane, seier Åse. Ho kan gjerne måla litt, så roterer ho heile lerretet, held fram og roterer det igjen. Kanskje vert biletet rotert 30 gongar før det endar opp slik ho ynskjer.

– Biletet vert ikkje måla ferdig same dag eg startar på det. Eg set det vekk, og fortset ein annan dag. No har eg om lag tjue påbegynte bilete, fortel Åse.

Resten av saka kan du lesa her.