nov 242017
 

Tor Mikal Østervold (med ryggen til) set seg att etter kåseriet om apekattar, juleparadoks, symjehall og svømmehall. Tekst og foto: May Linn Clement.

Stolmen skule var fylt til randen då kyrkjekoret på øya inviterte til adventstreff tysdagskveld.

Gjev du ein bit av ditt eiga hjarte, vil du alltid ein annan nå. Slik laud siste line i diktet Turid Veivåg framførte under opninga av treffet, Små øyeblikk. Syskenparet Andrea og Henrik Aarland Vaage fylgde opp med Gje meg handa di, ven – favorittsalmen til underteikna. Det var ikkje meir som skulle til for å finna den indre roa før Tor Mikal Østervold, årets kåsør, fekk liv i lattermusklane. Oppfylginga frå koret etter dei spurte om han ville halda eit kåseri, hadde visst vore eksemplarisk.
– På førespurnad sendte dei meg til og med oppskrift på kva eit kåseri er, sa selbjørnsmannen som meiner han har tøya strikken i det lengste. Vondt nok var det i grunnen for søringen å ha kontor på Storebø.
– Men no har me flytta kontoret til Bakkasund. De skjøner vel kor fælt det kjenst.

Les heile saka i Marsteinen.