nov 242017
 

Wayan Wenten, Kunsiree Vik og Anchana Merl-Olsen står for sundagsbufféten, som er haustens nyhende frå Aroi. (Tekst og foto: May Linn Clement.)

Dagleg steiker dei oppimot 200 vårrullar, og kan fortelja at raud karri er favoritten til austevollingane.

Det er sundag, klokka er 11.30 og tre damer i full sving med å førebu dagens thaimat-buffé på Aroi.
– Dette er tredje sundagen me har buffé. Eg ville tilby noko nytt, og det har verkeleg slått an, seier Kunsiree Vik. Ho kjenner på konkurransen det er å driva ein av tre matserveringsstadar kring Storebø, men meiner det er skjerpande på to område: Du må stadig tenkja nytt, og å gjera det du er best på.
– Difor serverer ikkje me norsk mat, seier ho og ler.

Les heile saka i Marsteinen.