nov 272017
 

Butikksjef ved Coop Extra Storebø, Vegard Horseng, og Petter Tonning veit at fredagens 85 og dagens 64 pakkar berre er byrjinga på ein månad med mykje post-arbeid.

At netthandelen har teke seg opp dei siste åra, får dei verkeleg kjenna på Posten si avdeling ved Coop Extra Storebø.

– Eigentleg har me berre dei grå skapa til å oppbevara pakkar i, seier Petter Tonning og peikar mot to metallskap. Flesteparten av pakkane på golvet hadde ikkje kome seg inn i skapa, same kor tomme dei var. Dei tilsette har difor lote ta pante-rommet til bruk som pakkelager.
– Me er heilt avhengige av folk hentar pakkane sine så snart dei kan, slik at dei ikkje ikkje vert liggjande her og oppta plass. Særs mange er flinke til å henta kjapt, seier Tonning.
– I dag fekk me berre 64 pakkar. På fredag kom det 85.
Dagar som Black Friday og Cyper Monday, som er i dag, gjer at folk gjerne handlar meir enn vanleg over internett.
– Dette er berre starten. Utover i desember vert det endå meir pakkar, avsluttar han.

Dei tilsette prøver etter beste evne å halda pakkane i posten si avdeling, men har måtta teke pante-rommet i bruk til lager.