des 062017
 

Dei leikar ikkje brør, dei tre Nordstrand-ane. Per er yngst, Jan-Tørres er eldst og Terje er den mellomste som ”vart gut likevel”. Tekst og foto: May Linn Clement.

Det ble en gutt alikevel, håper vi har bedre hell.
Slik skal etter sigande eit skriv frå ei gravid tante ha slutta av då Terje Nordstrand kom til verda for over 60 år sidan.
– Me har tidvis sakna ei syster, men det ville ha øydelagd heile trioen, seier han, og fylgjer opp med ein kommentar om namnet på trioen: Brødrene Nordstrand. Ja, på bokmål.
– Det var ein som meinte det høyrest ut som ein møbelfabrikk.

Les heile intervjuet med brørne i Marsteinen i morgon.