des 082017
 

Torfinn Grav har troppa av, og gjeve roret til Kjetil Stensland på Havbruksstasjonen. Fredag hadde Stensland den fyrste dagen sin på havforskinga.

Han er vorten ny stasjonssjef ved Havbruksstasjonen, Kjetil Stensland (52). Han arbeidde sjølv på stasjonen i fleire periodar før han leverte hovudfagsoppgåva si i akvakultur på 1990-talet.

 

Rettnok har Kjetil Stensland kome til ei ny stilling. Trass hjørnekontor og at han berre har fått varma kontorstolen sin i nokre timar, verkar det som om Torfinn Grav sin etterfylgjar allereie er varm i trøya.

– Eg kjenner mange av dei som arbeider her allereie. Sjølv kom eg nesten rett frå militæret før jobba her i to år. Under studiane fekk eg arbeida her i stort sett alle feriar, og hovudfagsarbeidet mitt i akvakultur tok eg òg her, seier Kjetil Stensland som byrja i nyejobben sist fredag.

Heile saka les du på PDF.