des 082017
 

 

Nils Ingolf monterer ei hylle i den sjølvsnikra konstruksjonen, medan svigerdottera Bodil Njåstad danderer kleda før opninga.

Frå å ha vore ein nettbutikk med visningsrom i kjellaren til Nils Ingolf og Janne Haugland i over eit år, opna torsdag Noella ein eigen fysisk butikk i Storebøportalen. Førre fredag overtok dei lokalet, og med natt- og dagjobbing på heile familien, er det ein skikkelig barnekledebutikk som møter kundane.

– Me fekk mange positive attendemeldingar då me opna Noella i august i fjor. Folk seier dei har sakna å ha oss i ein eigen butikk, seier Veronica Haugland. Ho driv Noella saman med svigerinna Bodil Njåstad. Overgangen frå å driva nettbutikk til å låsa seg til opningstider, trur ikkje damene vert vanskeleg.

– Me hadde showroom’et ope to dagar i veka før, og var dessutan særs fleksible når folk ville komma innom. Så eg trur ikkje det vert meir arbeidstimar no enn tidlegare, seier Veronica. Faren og broren har snikra hyller i den nye verksemda, og mora skal hjelpa til i butikken frametter.

– Ingenting av dette hadde gått utan mora, rosar Nils Ingolf.