des 142017
 

Brøyting var eit heitt tema på facebooksida Kvardagsprat i Austevoll førre helg. Kenneth Sele, Jan-Inge Heimark og Olav Jarnes gjev mannskapet eit ansikt, og synest mange har lett for å klaga seg.

– Vintervedlikehald er blant dei mest utakksame arbeida du kan ha, seier brøytar Kenneth Sele.

Det har vore travle dagar for brøytemannskapet i Austevoll den siste veka. I år er det nye kontraktar for snøbrøyting av dei kommunale vegane.
– Dei som brøyter er Even Drivenes, Bård Nordstrand og Edvard Bjånesøy. I tillegg har me to mann sjølv, Kenneth Sele og Jan-Inge Heimark, seier Olav Jarnes, som er leiar for utbygging, drift og vedlikehald i kommunen. Han seier bemanninga er lik no som tidlegare, og at det heller ikkje er meir arbeid per person no enn tidlegare år, noko som har vore diskutert på sosiale medium.
– Om det skulle vera krise, har me likevel nokon i bakhand. Men som fast tilsette, er mannskapet like stort no som før.

Les resten av saka her.