des 142017
 

Faksimile frå fiskerisogekalenderen 2018.

Nytt år, ny fiskerisogekalender. Slik har gangen vore i ein god mannsalder, og Øystein Rabben har nok ein gong levert ei samling tekst og bilete knytt til årets månadar.

Blant bileta er ”Bjørg II” (biletet over) av Storekalsøy som fiska torsk med snurpenòt, dette var berre lovleg frå 1950 til ’58, går det fram av teksten som fylgjer biletet for mars månad. Eigarane av skøyta var Hillemann Klepsvik, Hans Klepsvik, Trygve Klepsvik og Tor Klepsvik i 1942.

Me merkar oss òg at det slett ikkje berre er båt, nót og doryar. Mellom anna kjem mai månad med eit heilt fylgje av menn, kvinner og ein heilt ung Tor Østervold. Det var i samband med at ”Østervold”-klanen henta den aller fyrste ”Eldjarn” i Danmark, året er 1955.

– Fyrst og fremst er arbeidet kjekt å bala med, seier primus motor Øystein Rabben. 1000 kalendrar vert trykte kvart år, seier fiskerisogelaget si eldsjel. Mesteparten av fotografia er utlånte, og jamvel nokså ferske båtar er avbilda. Mellom dei er nyaste ”Harvest” og gudmor Liv og reiar Hans Magnus Drønen ved ”Staaløy”-dåpen i 2011 er med i biletsamlinga.