des 212017
 

Eirik Kalve lanserer Podtown i dag.

Lei av bråkete gymsalar, sveitte og kalde soveposar i teltet når du er på festival eller fotballcup? I dag lanserer Eirik Kalve (39) løysinga.

 

Han er ikkje stor, konteinaren. Likevel: Med ein stikkontakt i eit støpsel får du seks små krypinn og eit lite toalett med dusj i eit podtell. Ei slik eining kallar med pod. Eirik Kalve frå Storekalsøy fekk inspirasjonen til PodTown på Tysnesfest. Inga overnatting den gongen medførte låg komfort – kva kunne gjerast med det?

– Eg har vore ute og reist ein del, og sett løysingar slik som dette i Austen, seier Kalve som enno arbeider for reiarlaget Grieg. I januar vert det derimot fullt fokus på selskapet han har etablert, Recon AS: Nautikaren går over til å verta mobil hotelldirektør. Podane frå Asia er vorte austevollske, og denne veka tok han prototypen han har teikna og utvikla heim til. Ved hjelp av eit nøkkelkort får du låst deg inn i konteinaren, som er utstyrt med vindauge for norske tilhøve. Kvar bås er stor nok til at ein vaksen får rikeleg med ålbogerom, eller at to barn kan dela han. I tillegg får du med deg ein bag i avlukket ditt, der du kan justera lys, plugga i elektrisk utstyr, styra temperatur, pudra nasen og ikkje minst sova i nokolunde fred og ro.

– Basert på prototypen får eg 20 40-fots konteinarar levert neste år. 2018 skal eg nytta på å prøva løysinga ut på maksimalt fem festivalar eller idrettsarrangement, der arrangørane har teke i bruk alle moglege formar for overnattingsløysingar, seier Kalve.

 

Prototypen. Foto: Podtown.no

 

Fleksibel

Podtown er fleksibel. Konteinarane er underlagt same reglar som bubilar, og er raske og ikkje minst rimelege å transportera kringom. Kalve har alliert seg med rogalendingane i SR Group, som vil køyra nyvinningane frå eitt arrangement til det neste.

– Me kjem til å ha ein resepsjon som er bemanna heile tida, og podane kjem til å vera ei roleg sone. Konseptet er tilpassa dei som både vil gå på konsert eller sjå idrettsarrangement, og samstundes sova om natta, smiler gründeren frå Storekalsøy.

Når løysinga til Kalve vert lansert i dag, er allereie Tysnesfest booka på arrangementskalenderen. På øya i aust har allereie arrangøren teikna seg for halvparten av kapasiteten i Kalve sitt portable hotell, slik at deira får kvilt seg mellom slaga på den folkelege musikkfestivalen.

 Av Trond Hagenes