jan 052018
 

Torleif Ole Fagerbakke saman med mor Ruth og far Tore. Det var vore ein lang kamp for ekteparet å sikra at sonen får eit verdig tilbod, og kommunen har langt frå gjort jobben sin, meiner dei.

Sidan 2004 har Tore Fagerbakke og Ruth Guzman Fagerbakke kjempa mot Austevoll kommune for at sonen Torleif Ole (20) skal få eit verdig liv. No har dei resignert, og vurderer flytting.

 

Mentalt er 20-åringen Torleif Ole Fagerbakke å rekna som ein tre- eller fireåring. Den multihandikappa unge mannen treng kontinuerleg tilsyn: Han er døv, manglar språk og treng faste rammer kring seg. Austevoll kommune har ikkje gjeve familien nok avlastning sidan sonen for tre år sidan nekta å dra attende til bufellesskapen.

– Me har mista all tillit til Austevoll kommune. Det hadde vore lettare for oss om Torleif Ole kunne budd på bufellesskapen, men det har me ikkje samvit til, seier ekteparet.

Les meir av saka her, inkludert tilsvar frå Austevoll kommune.