jan 052018
 

Elida og Simon Waage opptredde på førre UKM i Austevoll, i 2016. (Foto: Severin Tøkje.)

Fram til sundag kveld er det mogleg for austevollingar mellom 10 og 20 år å melda seg på UKM – Ung kultur møtest.
Kulturskulerektor håpar barn og ungdom vil oppmuntra kvarandre til å melda seg på mønstringa.
– Til no er det to innslag påmelde. Det hadde vore kjekt med endå fleire påmeldingar. Om nokon har spørsmål eller treng akkompagnement, er det berre å ta kontakt, seier Alvsåker.
I fjor vart UKM avlyst, då det ved fristen ikkje var nokon påmelde. Dette vil ikkje kulturskulerektoren skal gjenta seg.
– Nei, i år vert det UKM. Ein solist og eit band har alt meldt seg på. Som tidlegare vil me ha gjesteinnslag av andre, seier han.
På UKM kan du bidra med alt som kan visast fram på ei scene, ei utstilling eller på ein skjerm.