jan 112018
 

”Knester” fekk eit historisk toppår i fjor, motsett til dei aller fleste i flåten, som rapporterer om eit normalår. Foto: Olav Endre Drønen.

2017 fekk ikkje gullinnramming, slik som 2016, for majoriteten av den austevollske havfiskeflåten.

Knut Inge Østervold frå reiarlaget H. Østervold AS karakteriserer 2017 som eit normalår. Høgare kvotar på til sild gav slett ingen vinst i kassen, tvert om.
– Det er veldig ofte slik at høgare kvotar dreg med seg lågare pris, seier Østervold til Marsteinen. Difor valde òg reiarlaget, som fiskar kvotane sine med den innleigde gamlebåten sin, å flytta over den fleksible delen av sildekvotane til 2018. ”Hådn” som reiarlaget er kjent som, fiska for 55 millionar kroner i 2017, ein reduksjon på 10 millionar samanlikna med gullåret i førevegen. Han viser til at prisane på hausten i fjor duppa heilt ned i 3,50 per kilo, medan dei allereie no er oppe i mellom fem til seks kroner i per kilo.

Godt til ”Knester”
Ringnotaren ”Knester” frå Selbjørn kan rapportera om eit sjeldan godt år. Over 80 millionar fiska dei for, rett nok delar av tida under eigarskap til Dønna Utvikling AS.
– Totalt sett det beste året vårt, med meir reising for gjengen og betre utnytting av driftsmidlane i tillegg til auka omsetnad, oppsummerer Kai Eliassen på reiarlagskontoret.
Arild Sekkingstad, reiar på ”Radek”, synest at prisen på NVG-silda stupte lågare enn forventa i siste halvår. På litt lenger sikt, meiner at det ikkje treng å vera negativt.
– Du kan byggja opp nye marknadar på lågare prisar. Utviklinga me såg frå 2016 til ’17 var ei dobling av uttaket, og det gjev vanskar i marknaden, seier Sekkingstad og peikar på at Russland har vore ute av biletet siste tida.
– Kunne me fått innpass for norsk sild på den kinesiske markanden, ville det ha vore fantastisk, seier Sekkingstad, med von om høgare prisar både på sild og makrell i 2016.
Hos Sildelaget fortel salsleiar Kenneth Garvik at marknaden snudde ganske dramatisk etter prisrekordåret 2016. I tillegg til store kvotar på NVG-silda, snudde prisutviklinga på mjøl og olje.
– Etter at El niño-effekten tok slutt på den sør-amerikanske stillehavskysten, kom Peru på banen og prisane sokk òg der. Dermed spela fleire faktorar saman og resulterte i lågare pris på silda, seier Garvik til Marsteinen. Likevel trur han at 2018 kan bli eit betre år, spesielt for dei fiskarane som lukkast med å finna den litt meir ettertrakta store NVG-silda.

Av Trond Hagenes

Oversikten, brekt ned til kvart fartøy finn du i avisa denne veka.