jan 122018
 

– Hos Austevoll kommune har røynslene vist at det ikkje betalar seg å peika på rusk i maskineriet.

Austevoll kommune treng, slik lokalavisa ser det, ei kursendring. Når ny rådmann kjem på plass bør etikk, og ikkje minst ein høgare toleranse for varsling og kritikk, stå høgt på agendaen.
Når forskarar peikar på suksessen til det austevollske næringslivet, er den korte vegen frå golvet til leiarane eit av dei viktigaste kriteria for at det vert bygd opp ein effektiv struktur. Hos Austevoll kommune har røynslene vist at det ikkje betalar seg å peika på rusk i maskineriet. I staden ser det ut som det har utvikla seg fryktregime der avstanden til kommuneleiinga og dermed politikarane, vert for stor.
Ein kommune vil i lengda, som alle andre organisasjonar, tena på å komma til einigheit gjennom gode diskusjonar og sakleg usemje.
I førre veke kunne lokalavisa fortelja historia til Torleif Ole Fagerbakke og foreldra hans som i årevis har vore i konflikt, heller enn dialog med kommunen. I staden for å søkja dialog har kommunen gått på konfliktslina. I staden for å finna ein meklar har kommunen stått på sitt. Dei som til slutt lir, er tenestemottakarane, altså austevollingane sjølve.
Når det kjem til dei tilsette, meiner lokalavisa at kommunen vil tena på at dei vert høyrde og lytta til, heller enn å stå i fare for å verta stempla som illojale.

Leiar i Marsteinen, 11. januar 2018.