jan 182018
 

Marcus Dalseide og André Ramsay bruker mykje av fritida på å trena på triks, filma dei og dela det på YouTube. Høgt på ynskjelista, er ein skatepark i Austevoll. (Tekst og foto: May Linn Clement.)

Kameratane Marcus Dalseide (12) og André Ramsay (12) må reisa til Bergen for å utfolda seg med sparkesyklane sine.

– Me har funne nokre stålrøyr me brukar til å skli på, både nede i Bekkjarvik og i Hengjo. I tillegg sklir me fortauskantar som me har smøra heimelaga voks, seier Marcus. I mangel på eit dedikert område til triksing med sparkesyklane sine, bruker dei lokalmiljøet. Ofte har dei med seg kamera og filmar triksa, for så å legga det ut på YouTube. Begge har eigne kanalar der.
– Det er mykje gøyare å triksa i ein park, enn å stå på bakken. På Møhlenpris er ein god slik. Han er open for alle heile tida, seier Marcus.

Les heile saka i Marsteinen.