jan 252018
 

Storebø grendahus går frå forsamlingshus til noko anna? No er huset lagt ut for sal.

Engasjement frå ei lita gruppe er ikkje nok til å betala straum- og vedlikehaldsutgifter. No vert Grendahuset ved Storebø lagt ut for sal.

 

Huset frå 1954 har kanskje sett betre tider. Dei siste åra er det stort sett ei lita gruppe rundt leiar i foreininga Storebø grendahus som har stilt på dugnad. Inntektene frå arrangementa vart likevel for små, og etter eit bygningsettersyn vart lista av pålegg for lang.

– Me har snudd må nærast kvar einaste stein me kan, men engasjementet frå lokalbefolkninga uteblir. Då den lange lista med pålegg på huset kom, var det spikaren i kista, seier leiar Karen Marie Vaagen til Marsteinen. Frå før hadde dei magelliste med manglar på det elektriske.

Meir av denne saka finn du på PDF i dag.