jan 302018
 

Bjarte Madsen (fødd 1965) blir etter alt å dømma ny rådmann i Austevoll. Det er kalla inn til ekstraordinært kommuenstyremøte onsdag neste veke. Foto: Trond Hagenes.

 

Selbjørnsmannen Bjarte Madsen (53) er innstilt som ny rådmann i Austevoll kommune. Madsen arbeider for tida som advokat hos Advokatpartner i Bergen.

– Eg er særs godt nøgd med at tilsettingsnemnda har innstilt meg på fyrsteplass til stillinga, seier trebarnsfaren som er busett på Paradis, men framleis har gutterom heime i Ingjaret ved Bekkjarvik.

Madsen er Cand. jur. frå Universitetet i Bergen (1991), har arbeidd mellom anna i Skatteetaten og Finansdepartementet. Han har òg arbeidd i lenger tid hos Advokatene på Strandkaien. Han har vore partner hos Advokatpartner, der han tok til i 2009.