feb 012018
 

Aleris gjev gode tenester til Austevoll kommune til ein rimeleg penge, er konklusjonen i rapporten. (Tekst: Trond Hagenes/Illustrasjonsfoto: Maria Vassnes.)

Revisjonsselskapet KPMG har på oppdrag frå Austevoll kommune revidert effekten av konkurranseutsettinga av pleie- og omsorgssektoren. Konklusjonane er i hovudsak positive.

Austevoll kommune klarar å levera gode tenester innanfor pleie- og omsorgssektoren, går det fram av rapporten som KPMG har utarbeidd for Austevoll kommune. Evalueringa konkluderer over sju problemstillingar med at tenestene på området er gode.
Det framgår mellom anna at aktivitetstilbodet til brukarane er vorte betre i perioden med konkurranseutsetting, samstundes peikar rapporten på at det er komen inn fleire klager på tenestene hausten 2017 enn tidlegare i anbodsperioden. Likevel meiner KPMG at denne auken ikkje kan setjast i samanheng med sjølve konkurranseutsettinga.
Sjukefråværet har gått monaleg ned i perioden Aleris har drifta tenestene for Austevoll kommune, medan løns- og pensjonsvilkara har blitt noko dårlegare for dei tilsette. Samstundes har det vore utfordringar knytt til å sikra nok sjukepleiarkompetanse på jobb, men det skal òg ha vore krevjande før konkurranseutsettinga.
Austevoll kommune har hatt ein betydeleg reduksjon i utgiftene i pleie- og omsorgssektoren, og ligg vesentleg lågare enn snittet for kommunar Austevoll kan samanlikna seg med, i Kosta-gruppe 3. Medan KPMG ikkje er kategoriske, meiner dei likevel ar kommunen sine utgifter innanfor pleie- og omsorg er vortne meir føreseielege gjennom kontrakten med Aleris.
Bemanningsfaktoren i sektoren i Austevoll er på 1,19. Det vil seia 46,91 pleieårsverk delt på 46 brukarar. Det gjev ein bemanningsfaktor på 1,19. I Bergen kommune er det til samanlikning sett eit mål om ein faktor på 0,92. I Lindås ligg faktoren på 0,88 går det fram av rapporten til KPMG, som i heilskap kan lastast ned og lesast frå kommunen si eiga nettside.