feb 012018
 

Gatevanding i Jerusalem. (Tekst: Maria Vassnes/Foto: Privat.)

Møyfrid Esther Kalvenes valde å seia opp stillinga si som ergoterapeut på Haukeland sjukehus for å arbeida som frivillig i Jerusalem. Ho har ikkje sett seg attende, og meiner det viktigaste i livet er å fylgja hjarta sitt.

– Eg har aldri hatt eit ynskje om å leva eit A4-liv, fortel Møyfrid Esther Kalvenes. Marsteinen møter henne på bedehuset på Storebø, der ho i barneåra stadig var innom. Frå vindauga kan ein sjå små snøfnugg som dett frå himmelen medan dagen bikkar mot kveld. Møyfrid ryddar litt i det store opne rommet før ho set seg ned på ein av dei gamle stolane som muligens har stått der heilt sidan ho i ungdomsåra var aktiv i huset. Den lyshåra dama ikledd knallgul genser er i Norge for fyrste gong på halvanna år, og har no hatt ein forlenga juleferie i Austevoll grunna triste omstende på heimebane. Møyfrid og dei seks brørne hennar måtte like før jul ta avskjed med eldstebror Stein Magnar, som etter kort tids sjukdom døydde av kreft.

Les heile saka i Marsteinen.