feb 022018
 

Har byrja heimreisa: MF «Møkstrafjord». Foto: Fjord1.

Bilferja «Møkstrafjord» har byrja den lange reisa heim til Noreg etter at reiarlaget Fjord1 har teke over fartøyet og testar er gjennomførte.

– Me er spente på overfarten ved Biscaya og Nordsjøen, skriv operativ leiar i Fjord1 til Marsteinen.

Fredag føremiddag køyrer ferja inn i gresk farvatn i Egerhavet, kan ein sjå av nettstaden marinetraffic.com.