feb 082018
 

«Rabbagut» er det ferskaste tilskotet til fiskeriflåten i Austevoll. Foto: Serverin Tøkje.

 

Med finstasen på og fargen så blå, strålte den nye sjarken ”Rabbagutt” opp i Bekkjarvik, at til og med å knusa flaska i skroget var for drygt under dåpen førre helg.

 

Med flagga til vêrs kan Trygve Rabben med kompani feira at den splittar nye sjarken endeleg er klar for både fisk og fest, når båten er døypeklar denne dagen. Mora til eigaren Trygve, Kari Rabben, har fått æra over å gjera det rett så tradisjonsrike og kjekke oppdraget.

– Eg har ikkje tenkt å seia så mange ord og går rett på sak i staden, seier ho og ynskjer båt og mannskap hell og lukke for framtida. Med flett ny sjark og solskin er det best å styra unna riper og kjipe situasjonar. Sjampanjen vert difor sprøyta på den nye blå – og like greitt er det. Eit rist med tommelen ned i flaska og effekten vert langt meir interessant enn at flaska knuser, uansett så er det i desse miljøvenlege dagar særs smart tenkt.

Reportasjen kan du lesa her.