feb 082018
 

Camilla i stova til mor og far på Storebø. Katten Askepott var i fosterheim hos Camilla før ho seinare vart adoptert av foreldra hennar.

 

Camilla Solberg ynskjer å få ein slutt på overforbruk og masseproduksjon av varer i dårleg kvalitet. Difor tilbyr ho no handlaga og økologiske produkt til hund og katt i den nye nettbutikken sin.

 

– Me har berre ein jordklode, og fleire bør opna augo litt for miljøet, meiner Camilla Solberg (24). Ho ristar på hovudet medan ho tenkjer på handelstrenden no til dags; mange varer er så billige at folk kjøper gjenstandar dei eigentleg ikkje trenger. Noko som resulterer i større produksjon av billige varer av ymse kvalitet.

– Eg vil oppmoda kundane til å heller bruka nokre kroner ekstra på miljøvennlege produkt som varar lenge, smiler Solberg.

Les heile saka i avisa i dag.