feb 182018
 

Ordførar, Morten Storebø (H) kunne etter at Austevoll formannskap einstemmig valte KDV til Kulturprisen 2017, gje blome og sjekk til dirigent, Helene Reigstad.

 

KDV Skulekorps tok i dag mot kulturprisen 2017 under basaren deira i Kolbeinsvik bygdahus, der ordføraren var på plass med ein stor sjekk i lomma.

 

Kolbeinsvik, Drøna og Vinnes Skulekorps (KDV) fekk i dag kulturpisen 2017 for fortenestefullt kulturarbeid, der prisen kom i form av ein blome og heile 20 000 kroner til korpset.

– Summen er eigentleg på ti tusen kroner, men eg meiner at han har vore på det nivået ganske lenge og har difor teke ei avgjerd på å dobla beløpet, kunne ordførar, Morten Storebø (H) lukkeleg formidla.

 

–KDV er ein høgst levande og tilgjengeleg institusjon i det kulturelle Austevoll. Dei er ein viktig rekrutteringsarena for musikklivet, med dei små aspirantane som får sitt fyrste møte med musikken – og den eldre garde som kan gå vidare på endå større utfordringar, i til dømes Austevoll Brass. Difor fortener KDV ein stor takk frå kommunen og samfunnet, fortalte ordføraren i talen sin.

 

Det var dirigent, Helene Reigstad som tok i mot den ærefulle prisen.

– Dette visste eg ikkje, så det var kjekt. No får me sjå kva pengane skal gå til, kanskje instrument eller noko, sa dirigenten til Marsteinen.

 

Av Severin Tøkje