feb 222018
 

Sydama på Abrahamshaugen: Veronika Møgster.

Heilt i toppen i det hundre år gamle huset på Abrahamshaugen i Kolbeinsvik, finn du syrommet til Veronika. To maskinar, ein vanlig og ein overlock-maskin, står parat på arbeidsbordet.

– Det vert fort til at eg sit her fire-fem kveldar i veka, seier syerska.

Ho har orden i sysakene, sjølv om det lett kan hopa seg opp med stoff.

– Nedskjering pågår. Målet mitt er å halda meg innanfor dette skapet her, å ikkje ha det andre stadar.

Veronika opnar dørene til det gamle møbelet. Tekstilar ligg rulla tett i tett frå botnen til toppen. Kolonien i ei korghylle like ved er under nedskjering, slår Veronika fast.

– Det er vanskeleg å avgrensa seg når det kjem til stoff, seier ho.

Resten av saka finn du i avisa i dag.