mar 012018
 

Andrea og Hanne Drivenes lærte tidleg å ikkje ta livet for gitt. Dei håpar austevollingane er rause når dei no arrangerer Krafttak mot kreft.

Systrene Hanne og Andrea Drivenes har mista begge foreldra i kreft. No arrangerer dei innsamlingsaksjonen Krafttak mot kreft i Austevoll for fyrste gong.

– Ynsket vårt er at færre skal måtta gå gjennom det me gjorde, seier systrene. Hanne (32) var åtte år og Andrea (29) fire og eit halvt då mora døydde av brystkreft.
– Me kjente tidleg brutaliteten ved kreft, og var livredde for å mista andre med var glade i.
Dei skryt over faren sin, og måten han oppdrog og snakka med jentene sine på. 17 år etter at mora døydde, skulle dei oppleva å mista han òg. Faren fekk hjernesvulst, ein krefttype som i dag ikkje kan kurerast.
21 og 25 år gamle vart dei ein familie på to.
– Det betyr alt i verda at det finst éin annan person som veit nett korleis eg har det, seier Hanne og tørkar seg under augo.

Les heile saka i Marsteinen.