mar 082018
 

Ein bil hamna på taket i Bratta i dag tidleg. Det var klokka 06.44 at 110-sentralen fekk inn meldinga.
– Bilen gjekk i fjellveggen og tilbake igjen på taket i vegbanen. Det var éin person, ei kvinne i 20-åra, i bilen. Ho er sett til av lege og fekk gå etterpå. Bilen er no hentet av bergingsbil, seier brannsjef i Austevoll, Hans-Petter Bjånesøy, til bt.no.
Det er truleg glatt føre som var årsaka til ulukka, meier vaktkommandør Ronald Drotningsvik ved 110-sentralen i Hordaland.