mar 082018
 

Kvardagen til kvinner er sterkt forandra sidan Magdalena Klepsvik (100) vaks opp.

Fiskarkvinnelag og arbeid gjennom husmorlag var våpen Magdalena Klepsvik (100) nytta i kampen for å betra vilkåra for damer. Sjølv var ho ein av 15 søsken, der 12 av dei var jenter.

 

Ho vart fødd medan tyskarane enno sloss mot overmakta i skyttargravene på Vestfronten, og Tyskland hadde keisar. Noreg hadde som nøytral og fiskeimportør på si side gått inn ei økonomisk blømingstid. Å vera fødd jente, var likevel ikkje enkelt for Magdalena Klepsvik.

– Far sa at me berre var brukande til å vaska kjørel, seier Klepsvik til lokalavisa. Ho hugsar faren likevel som ein omsorgsfull mann. Ingunn, dottera til Magdalena, skyt inn at bestefar i Kleppe kanskje ikkje sette alle døtrene sine like høgt. Totalt var barneflokken på 17, og 15 av dei vaks opp.

– Han hadde lyst å senda mor på jordmorskulen, men ho nekta: Ho har aldri tolt blod, innvolar og slikt. Då hadde me vel neppe blitt elleve barn i heimen, heller, smiler Ingunn, som sit saman med mor ved kjøkenbenken heime på Klepsvik når lokalavisa svintar innom.

– Jordmor var det einaste yrket som kunne gje ei ung kvinne ei skikkeleg utdanning og prestisje. Det fekk eg ikkje, men eg har teke mange kurs, seier 100-åringen. Då ho besøkte dottera i Kenya, kom engelskkurs godt med. Ho kunne sjølv kommunisera med kenyanarane.

Resten av intervjuet med 100-åringen får du i avisa i dag.