mar 082018
 

Den kanskje fyrste reklamen for hårfrie armholer, stod på trykk i Harper’s Bazar i 1915. Sidan skulle leggane rakast hårfrie, så bikinilinja, og deretter resten.

I over hundre år har ein mektig moteindustri fått kvinner til å synast at kroppshåra våre er ekle.

– Eg slutta å barbera leggane mine for eitt år sidan, men er ikkje komfortabel med det.
Det var i fjor sommar eg hadde besøk av ei veninne som fortalde om prosjektet sitt. Halve livet hadde ho fjerna håra på leggane sommaren gjennom, men no var det stopp. Før me gjekk for å bada i Haukanespollen liksom åtvara ho meg.
– Håra kjem naturleg, og eg skal venja meg til det. Kvifor skal eg synast det er ekkelt? Nokon tenar grovt på det indoktrinerte skjønnheitsidéalet.
Det var forresten ikkje kjærasten hennar som synest håra var vemjelege. Det var berre ho sjølv.
– Han merkar det ikkje eingong.

Eg fall pladask for prosjektet, og hengde meg på. Tidleg i juni 2017 var sist gong eg barberte leggane mine. Stoda no er cirka to centimeter lange hår framme på leggen. Desse er tynne og mjuke, sikkert fordi det er filt seg ned på innsida av buksene mine heile vinteren. På baksida og sidene har eg knapt hår.

14 år gamal kjøpte eg min fyrste eigne barberhøvel. Han kom i fargane babyblå og babyrosa, og hadde glitter i plasten. Designa for unge kvinner, vil eg tru.
Hår var noko som kom i tenåra, og som skulle vekk. Aldri stilte eg spørsmål til kvifor dei plent måtte fjernast, men det var noko flaut knytt til hårvekst. Som om damer med hår under armane var ureinslege, og ikkje dusja. For barbering av armhola hengde saman med det å ta seg ein dusj. Kunne eg skimta nokre tustar under der, måtte høvelen til.

Mari Grinde Arntzen skriv om hårfjerninga si historie i boka Perfekt (2015). Her fortel ho om den amerikanske forskaren Christine Hope, som i 1982 skreiv ein artikkel der ho freista å finna opphavet til hårfjerning på kvinnekroppen. Hope viste til ein reklame frå damemagasinet Harper’s Bazar 1915. Ei dame viser underarmen sin, som er fri for hår. Under står det, oversett frå engelsk, at sommarkjole kombinert med moderne dansing gjer det naudsynt å fjerna fråstøytande hår. Så står namnet på hårfjerningsmiddelet, og kvar du får kjøpt det.

Same år vart det moderne med kjolar utan erme. Det passa godt ilag med den nye bølga om å fjerna håret i armholene. For det er jo ikkje slik at du fjernar håret ein gong, så er det vekke for alltid. Nei, gje underarmane nokre dagar, så må håret fjernast på nytt. Såleis var det er vinnande industri for marknadskreftene – for industrien vann, og håret tapte.
Nestemann ut, var leggane. Skjørta vart kortare, og nytt hudområde skulle glattast ut. Så var det bikinilinja sin tur, og deretter resten.
”Samspillet mellom mote, marked, reklame og magasiner hadde forandret oppfatningen menneskene hadde av kvinnekroppen. Kroppshår ble ikke lenger sett på som naturlig i armhuler og ben. Det var ikke lenger kvinnelig.”

Det er bra at folk både kan fjerna og legga til hår på kroppen sin, alt etter kva dei sjølve ynskjer. Men at nokon med klåre økonomiske interesser lagar malen for korleis det er rett for ein person å sjå ut, er ein uting. For det er greitt å ha i bakhovudet at nokon tener store pengar på å definera korleis kvinnekroppen skal vera, og at det no nærast er ei allmenn semje om at hår på leggane skal vekk.

May Linn Clement.