mar 092018
 

– For var det ikkje du Sylvi, som i den heilage adventstid i fjor, sette i gong ei innsamling til støtte for forfulgte kristne? Foto: Wikimedia Commons.

Kjære Sylvi!

Som du vel kjenner til har dine tropper aksjonert her vest. For ei vekes tid sidan, i tidlige morgontimar, slo dei til på Fitjar i Sunnhordland. Målet var eit fredfyllt, landsens bedehus der ein afghansk familie hadde søkt livd av otte for å verta sendt attende til heimlandet. Framferda til folka dine vekte åtgaum. Væpna med pistolen klar rykte dei fram, vindusglas og dører vart smadra, ein skulle tru at det var beredskapstroppen som var aktivert. Fitjar er kjent som ei fredeleg bygd der våpenmakt ikkje har vore nytta sidan Håkon den Gode fall der i år 961.

Men ordren din, Sylvi, var klinkande klar, dette var alvor, dei skulle ut av landet. Det var på overtid. Og du viste nok ein gong at du er hard i klypa. Lat oss ikkje plage av eit godhetstyranni, sa du, i så måte plar du vere konsistent. Eller sagt som folk flest seier det – du kaller ein spade for ein spade.

Men så var det var dette med å stå fast på det ein seier, men også kva ein gjer. Og det er dette som undrar mange av oss her vest. For var det ikkje du Sylvi, som i den heilage adventstid i fjor, sette i gong ei innsamling til støtte for forfulgte kristne? Heilt fortenestefullt har du peikt på at kristne i muslimske land lever under press. Og endå verre, at ein muslim som konverterer til kristendomen, slik denne familien hadde, risikerer dødsstraff. Med dette bakteppet vil me tru at du er samd med oss. At Afghanistan ikkje er nokon trygg stad å vende attende til for denne familien.

Problemet vårt er. Korleis kunne du finne på å sende denne familien ut av landet med deira bakgrunn? Og spesielt sett i lys av det du sjøl har sagt og ikkje minst aktivt gjort for forfulgte kristne?

Eit brev i ei lokalavis vert som eit rop i øydemarka. Me kan ikkje vente at du Sylvi, les Marsteinen. Men me veit om råd og har ei von. Din gode partifelle – Helge André – er vel orientert om stoda – frå «Småting» i Austevoll til «Storting» på Løvebakken. Me ser difor fram til at vår ambassadør på «Tinget» formidlar kontakt. Alle er samde om at det er ingen skam å snu!

På vegne av fleire skuffa austevollingar,

Finn Dyngvold.