mar 152018
 

Leppefisk kan ikkje fangsast i bekjempelsesområdet for ILA-sjukdomen. Kor stort området vert, er enno ikkje sikkert.

I store delar av Austevoll vert det forbod mot å fiska etter leppefisk og rognkjeks, etter at Mattilsynet etter alt å døma set i verk tiltak mot sjukdomen.

 

Mattilsynet vil ikkje tillata at det vert fiska etter leppefisk og rognkjeks i bekjempingssona mot ILA-sjukdomen som er brote ut i Austevoll. Å flytta slik fisk vert heller ikkje lov.

– Elles vil det ikkje vera forbode å fiska, opplyser Cecilie Ihle som er rådgjevar og veterinær i fiskehelse i Mattilsynet, avdeling Sunnhordland og Haugalandet. Det er ikkje naudsynt å desinfisera fiskeutstyr i området.

Les meir i avisa i dag.