mar 152018
 

Inge Halstensen med medaljen godt festa.

Det mangla ikkje på godord verken frå ordførar, forslagsstillar Solveig Salthella, bror Alfred eller son Christian Halstensen då Inge Halstensen mottok Kongens fortenstmedalje torsdag.

Både arbeid for Noreg i fiskeriforhandlingar, organiasjonsarbeid i Noregs sildesalslag, Fiskebåt og løftet Inge Halstensen har gitt Bekkjarvik vart trekt fram då Inge Halstensen fekk kongens fortenstmedalje i dag.

Solveig Salthella poengterte alt det gode arbeidet Halstensen har lagt ned for lokalsamfunnet, og ikkje minst då han var lærar ved ungdomsskulen.

– Dottera vår Jorunn har gått på mange skular, to universitet og seier oppriktig at ho aldri har hatt betre lærar enn deg, Inge, sa Solveig Salthella.

– Du ha alltid til ungdommane, dette klarar dåke. Når det har gått ei tid ser eg for meg at du kjem til å stå på sokkel ved sida av Sildajento, klappa henne på skuldra og seia til henne, dette klarar du, sa Salthella til Halstensen, som vart tydeleg overraska og rørt over merksemda i dag.

Sjølv understreka Inge at minst halvparten av prisen hans må gå til ektefella Eli, og han medgav at å vera lærar og verta hugsa av elevane for innsatsen er noko han set meir pris på enn forhandlingar med EU og Færøyane.

I neste veke kan du lesa portrett av Inge Halstensen i lokalavisa.