apr 082011
 

DOF har inngått tre sjuårkontraktar med ConocoPhillips på norsk sektor. Det kjem til å resultera i 150 nye stillingar i reiarlaget, som har tinga tre nye skip av ulikt STX-design for å handtera kontraktane. Skipa skal nyttast til forsyningstenester, beredskapstenester, ROV-operasjoner og seismikk, heiter det i ei pressemelding frå Alfabygget.

Administrerande direktør Mons Aase i selskapet seier til Bt.no at kontraktane blir særs viktige for Austevoll og regionen. Kontraktane kjem i tillegg til dei to som offshorekonsernet inngjekk med same selskap i januar i år.

Foto: STX MRV 05 som skal byggjast til DOF. Prospekt: STX Noreg.