mar 222018
 

 

Raudt område er bekjempingssona, gult overvakingssona. Kart via Mattilsynet si nettside.

Mattilsynet fastsette tysdag forskrift om kontrollområde for bekjempelse av infeksiøs lakseanemi (ILA) hos akvakulturdyr i Austevoll.

 

Ei kontrollområdeforskrift får tydning for oppdrettarar og andre aktørar som opererer innanfor eit nærere gitt sjøområde og som driv med aktiviteter som kan føra spreiing av smitte, skriv Mattilsynet på nettsida si.

– Forskrifta legg restriksjonar på aktivitet i sonene for å forhindra vidare smitte ut fra området.

Mattilsynet opphevar bekjempelsessona når fisken frå anlegga i bekjempelsessonen er slakta ut, anlegg og utstyr er reingjorte og desinfisert og sonen har vært brakklagt i samsvar med krav i forskriften. Bekjempelsessona vert deretter innlemma deretta i overvåkingssona. Dette varer normalt i to år.

Dette skreiv Marsteinen om saka i førre veke:

Mattilsynet vil ikkje tillata at det vert fiska etter leppefisk og rognkjeks i bekjempingssona mot ILA-sjukdomen som er brote ut i Austevoll. Å flytta slik fisk vert heller ikkje lov.

– Elles vil det ikkje vera forbode å fiska, opplyser Cecilie Ihle som er rådgjevar og veterinær i fiskehelse i Mattilsynet, avdeling Sunnhordland og Haugalandet. Det er heller ikkje naudsynt å desinfisera fiskeutstyr i området.

 

Brakklegging

Sjukdomen, som fyrst vart oppdaga på anlegget til Lerøy Sjøtroll ved Buholmen, har som oftast eit nokså sakte forlaup. Ihle karakteriserer det mest som ein ulmebrann, ofte med låg dødelegheit i starten, for sjukdomen vert oppdaga. ILA kan òg vera meir eksplosiv og føra med seg høgare dødsrate blant fisken, men det er sjeldnare.

– Anlegg der ILA vert påvist vil få vedtak om nedslakting, skriv Ihle til Marsteinen. Når den siste laksen i bekjempingsområdet vert slakta, trer det i verk ein brakkleggingsperiode for heile området på to månadar.