mar 232018
 

Etter nesten to år med planlegging og prosjektering kan Hardhaus AS endeleg visa fram den nye båten dei har bestilt. Med støtte frå Enova vert det ein ny, miljøvenleg Hardhaus med batteripakke, elektrisk dekksmaskineri og varmegjenvinning.

Rederiet Hardhaus AS og Salt Ship Design AS har det siste året hatt ein spanande utviklingsperiode, og det er no klart at den 75 meter lange trålaren/snurparen som skal ha ein motor på 6500 hestekrefter, skal byggjast ved det tyrkiske verftet Cemre Shipyard.

– Valet falt på Tyrkia grunna prisen, fortel Heine Møgster til Marsteinen, og seier at prisforskjellen var på om lag 20 prosent. Den no 15 år gamle Hardhaus vart bygd på Fitjar.

Klar i år 2020

På den nye båten er det lagt særs vekt på å optimalisere og utvikle eit energieffektivt skip. Skrogform og dimensjonar er blitt justert gjennom heile utviklingsfasa for å koma så nær det optimale som mogleg. Rederiet har, forutan energisparing, fokusert på fribord, stabilitet, djupgåande og bevegelse. Modelltestprogrammet for nye Hardhaus er enno i startfasa, så utviklingsarbeidet kjem til å fortsetje ei tid framover. Heine Møgster fortel at den største forskjellen mannskapet vil merka ved den nye kontra den gamle båten er at det vert tørrare der dei jobbar, då dei står høgare i den nye. Han peikar på auka behov for vedlikehald som grunn til at dei no vel å bestilla ny båt.

– Den gamle Hardhaus er no 15 år gamal, og den treng meir vedlikehald. Når det no har gått så lang tid så ser me at det er gunstig å byta den.

I fylgje pressemeldinga kjem det fram ar skipet vil bli rusta med elektrisk dekkutstyr. For å ta vare på og nytta den effekten vinsjane generer, er skipet utstyrt med ein batteribank. Batteribanken skal i tillegg brukast som ´peak shaving´ for å oppnå best mogleg driftsforhold for dieselmotor, og dermed redusera forbruk, utslepp og slitasje. Skipet kan segla både mekanisk og diesel-/batterielektrisk.

– Det vert ein spanande prosess, og me gler oss til båten står ferdig om to år, avsluttar Heine.

 

Av Maria Vassnes