apr 062018
 

Susann Sekkingstad (26) og Edvard Blåsternes (18) er begge lærlingar på Heimalaga. Det trekkjer fram arbeidsmiljøet på staden som eit stort pluss.

 

Medan Edvard Blåsternes (18) byrja i lære like etter ungdomskulen, tok Susann Sekkingstad (26) ei heil bachelorutdanning før ho hamna på kjøkenet att.

 

No er ho på mange måtar attende der ho begynte. Susann Sekkingstad tok nemleg to år matfag på vidaregåande før ho skifta retning og utdanna seg til animatør ved Høgskulen i Volda. Animasjonsoppdrag veks ikkje tre, så etter nokre år i Horten og Tønsberg bestemte Susann seg for å ta kokkekniven opp att. Det er aldri for seint å snu.

– Eg byrja her som lærling i september, og har ei læretid på 2,5 år. Eit halvt år ekstra, fordi eg tok matfag og ikkje kokkefag på vidaregåande, forklarar Susann.

Heile saka finn du her.