apr 062018
 

 

Wisdom in old shelves and books.

 

Mitt første bibliotek var ein liten bok-kasse hengande på veggen i den vesle skulestova. Seinare har livet ført meg innom ulike stadar, frå hovudstad til  landsbygd. Overalt har eg funne eit bibliotek. Frå Deichmanns store salar i Oslo til bortgøymde bokhyller i fråflytta grendahus i grisgrendte strok. Overalt, like sjølvsagt som som sol og måne, post og telefon, straum og skule, finn ein dette tilbodet – eineståande i sitt slag, heilt gratis for alle. Og som stiller vårt land i ein særklasse.

Eg ser ikkje bort frå at denne kjærleiken min til biblioteket kan vere litt av eit generasjonsfenomen. Forma av ein «mediafattig» oppvekst på landsbygda i dei etterkvart så  fjerne 50-åra. Biletstraumen den gong sytte Norsk Bygdekino for, ei hendte gong. Og for oss borna var  sundagsskulen – med lysbilete frå Jødeland – optiske minne som beit seg fast. Dette var monaleg lenge før parabolantennene kom, med  multi-kanalval og fjernkontroll frå godstolen. Tett følgt av internett, facebook, instagram og eg veit ikkje kva. Soleis er det forståeleg at boka – og biblioteket – som biletformidlar, for mange av oss eldre vil stå i eit gyllent skjær. Boka vart mediet – vårt indre fjernsyn – der ein med barnets fantasi kunne danna seg sine eigne bilete. Drøyma seg vekk, gje seg ut på reisa i tid og stad. Ein las ikkje berre Robinson Crusoe. Ein var einebuaren på øya. Marco Polos reiser var som eit eventyr. På fantasiens venger var ein med eventyraren frå Venezia. Og nærare Austens mystikk kom ein aldri seinare i livet. Star Tours kan greitt føra oss til solstrendene på Kanariøyane. Men kan dei landsetta oss i Alexandria år 1500 f.Kr? Eller by på ei reise saman med conquistadoren Pizarro til Inkariket år 1500 e.Kr? Ein kan berre slutta seg til kva forfattaren Tor Inge Bringsvær ein gong sa: At ingen reisebyrå hadde ført han ut på så mange og lange reiser som boka/biblioteket.

Ein god venn av meg frå 1960-talet sa at når han vart pensjonist skulla han lese heile Forsythe-sagaen, ikkje berre sjå denne på fjernsyn. Problemet for dei fleste av oss håplaust bibliofile menneske er at livet er så kort. Det er så mange sagaer ein skulle lesa. Og eg er stygt redd for at pensjonist-tida ikkje strekk til. Politikaren og amatørmalaren Churchill vart ein gong spurd kva han skulle gjera i sitt neste liv: «Eg skal bruka dei fyrste tusen åra til å mala.» Dersom eg (utan samanlikning elles!) skulle få eit slikt spørsmål ville eg svara: «Eg skal bruka dei fyrste tusen åra til å lesa – alle dei bøker eg aldri rakk».

For eg rekner med å finna eit bibliotek – der også …

Finn Dyngvold

Ps: Vil med dette gratulera Austevoll kommune med det storslagne nye biblioteket. Det finaste i heile Hordaland (eller var det på heile Vestlandet?), skal ein tru Inge og fylkesbibliotekaren – og det lyt me.