apr 092018
 

Marsteinen har ledige stillingar som sommarvikar i redaksjonen og i marknadsavdelinga.

Sommarvikar og frilansarar til redaksjonen

Lokalavisa i Austevoll er på jakt etter journalistvikar til sommarferien i år – og frilansarar som elles kan dekka arrangement, hendingar og dekka anna lokalt stoff.

Likar du å uttrykkja deg skriftleg, snakka med menneske og gjerne har litt røynsle med å fotografera, kan dette vera eit godt høve til å få journalistisk praksis på CV-en.

Arbeidsstad for sommarjobb er Gamle prestagarden, 5392 Storebø

Ved interesse skriv søknad med CV til trond.hagenes@marsteinen.no. Spørsmål om vikariat og frilansing kan rettast til Trond Hagenes Tlf 55 08 21 03 Mob 988 74 253

 

50% stilling som sommarvikar i marknadsavdelinga

Arbeidstid vert måndag-onsdag, veke 28-35
Arbeidsoppgåver:
  • Annonseproduksjon
  • Avisproduksjon
  • Grafisk arbeid
  • Oppgåver knytt til resepsjonen
Me ynskjer ein serviceinnstilt person som er engasjert, samarbeidsvillig og har evne til å jobba sjølvstendig. Det er ein fordel med kjennskap til Adobe Indesign og Adobe Photoshop.
Søknad med cv og attestar kan sendast til dagleg leiar Linda Mathilde Økland på e-post:
innan 13. april