apr 122018
 

Niclas Bergersen likar ikkje å gå til tannlegen, og seier at han gruar seg kvar dag for timen han skal på. Tekst og foto: Maria Vassnes.

På tannlegekontoret på Eidsbøen er dei glade for å sleppa å sjå folk i augo når dei ringer og utset timar for femte gong på rad. Foreldre meiner situasjonen er fortvilande.

På Storebø sit Niclas Bergesen (12). Han har sidan desember venta på å få fiksa hol i tennene. Fostermor Inger Semb synest det er dumt at barn må vente så lenge på å få tannbehandling.

– Niklas er ikkje så van med å gå til tannlegen, så me har trena litt på dette og førebudd oss godt slik at det ikkje skal vera skummelt, fortel Inger.

– Då me ikkje fekk time i Austevoll vart me tilvist til Fana tannklinikk. Eg prøvde å ringa til tannlege Heimark for å spørja om eg kunne få betala for ein time der, men fekk beskjed om at dei ikkje tek i mot barn.

Les om resten av stoda her.