apr 132018
 

 

Statsråd Torbjørn Røe Isaksen (H) samman med HI-direktør Rogne på Sauaneset onsdag. Foto: Håkon Jacobsen / NFD

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) vitja Austevoll onsdag. Regjeringa ynskjer å stimulera til endå betre rammevilkår, meir innovasjon og kompetansebygging innanfor havnæringane. I enden er håpet fleire arbeidsplassar.

 

Torbjørn Røe Isaksen snakkar entusiastisk om utviklinga innanfor havnæringane. Han konstaterer at regjeringa har løfta fram maritim og marin sektor, mellom anna gjennom fokus på fagskular, men òg gjennom auka satsing på forsking.

– Målet er at det skal komma fleire arbeidsplassar ut i andre enden, òg når det kjem til forskinga. Noreg kan òg auka verdiskapinga til dømes innanfor oppdrett ved meir vidareforedling av laksen, og slik sett komma på endå fleire middagsbord ute i verda, seier Røe Isaksen til Marsteinen.

 

Protestantisk arbeidskultur

Næringsministeren hyllar gründerkulturen i Austevoll, og forklarar han mellom anna med manglande høve til å driva med anna enn å leva frå havet, sjølv då silda i si tid forsvann.

– I moderne språk er Austevoll ei klynge, men det betyr jo berre at det er kort veg mellom aktørar som driv med liknande ting, slik at ein får overføring av kunnskap. I tillegg er hardt arbeid ein sterk verdi i Austevoll. Her kjem den protestantiske arven inn, seier Røe Isaksen, som heilt tydleg har lest sin Max Weber.

Røe Isaksen trur elles ikkje at fiskeeksportørar i fyrste omgang treng å engsta seg for marknadstilgangen for norske produkt på verdsmarknaden i kjølvatnet av USA sine tollsatsar på utanlandsk stål, og kinesiske mottiltak.

I Austevoll vitja statsråden mellom anna eit av Lerøy Sjøtroll sine oppdrettsanlegg, og var innom Havforskingsinstituttets avdeling ved Haukanes. Røe Isaksen posta òg overføring frå slepet av ”Aasta Hansteen”-plattforma, komplett med sitt eige intervju av DOF-mogul Helge Møgster.

 

Av Trond Hagenes