apr 202018
 

Ruben Oddekalv nytta denne unge havsula som døme på kva sjølv ein liten plastbit kan ha å seia for ein fugl. Miljøvernaren fann fuglen død på Helgøya i Troms.

Miljøvernforbundet samla inn meir enn 3 000 kilo plastsøppel frå strendene våre, informerte fleire klassetrinn skuleelevar om farane plasten har på livet i og ved havet under Før fuglane kjem-aksjonen.

 

Ruben Oddekalv har teke over rattet i Norges Miljøvernforbund. Passasjersetene om bord i ”Miljødronningen” er fylte med lydhøyrte elevar frå mellomtrinnet ved Selbjørn skule. Det heile som eit ledd i aksjonen Før fuglane kjem, som vert arrangert i samarbeid med Norsk ornitologisk foreining og Hald Noreg Reint.

– Denne havsula fann eg død med Helgøya i Troms. Her ser de kva sjølv ein liten bit med plasttau kan gjera med ein fugl, fortalde Oddekalv, som på meir eller mindre strak arm hadde teke over presentasjonen til Norsk ornitologisk foreining.

Austevoll er ikkje berre ein viktig stoggestad på Norskekysten for ei rekkje trekkfuglar, slik som polarsnipa, men me har òg mange artar som hekkar her. Det er fleire reservat for sjøfugl, der ein må halda avstand mellom 15. april og 15. juli. Desse er godt merka av på karta. Totalt er det registrert 175 fugleartar på øyane, blant dei er tjelden kjent og kjær.

– Veit De kva denne heiter? spør Oddekalv medan han visar bilete frå prosjektoren. Medan det ser ut til å vera relativt få vordande ornitologar blant skuleelevane, klarar naturvernaren å halda interessa for både fuglar og plastfara ved like hos elevane.

– Tjelden et faktisk 82 kilo med sniglar og blåskjel i året. Det høyrest kanskje ikkje så mykje ut, men det er faktisk like mykje som det eg veg, poengterer han.

Miljøvernforbundet har invitert skuleklassar både frå Storebø og Selbjørn om bord i katamaranen sin, og Oddekalv må finna seg i kritiske spørsmål knytt til både framdriftsmaskineri og drivstofftype frå barna.

– Jau, me ureinar når me går med båten, men me ser det slik at fordelane ved å vera mobile og kunna nytta han slik me gjer desse dagane, veg opp for dét, seier Oddekalv om båten, som heller ikkje kan kopla seg på landstraumen på kaien.

Julian Enehaug og Henrik Rutledal må sno seg for å få laus nóta som har fanga steinar på mange titals kilo etter at ho dreiv i land.


Innsatsen

Både tilsette og frivillige frå miljøvernorganisasjonen dreg ut i felten for å plukka plast og anna ureining som ikkje vert brote ned i naturen. Det gjeld òg Ruben, som set kursen for Valesvika, like vest om Økshamarfyret. Med to relativt raske aluminiumsbåtar kjem dei seg raskt fram, og går fort til verket.

– Me ynskjer ikkje å gløyma det klassiske miljøvernet. Nokre miljøorganisasjonar ser berre på kilmaspørsmålet: Det krevst ørlite meir energi for å laga ein pappkopp, samanlikna med ein i plast. Problemet oppstår når plastkoppen endar opp i naturen, seier Ruben til Marsteinen. Det er litt av kvart som har blitt skyld på land i sørvende vika, sjølv om innlaupet nesten er litt verna av den vesle holmen. Mellom klumpar av tungolje, restar av tau i ulike dimensjonar, plastemballasje finn me òg ei ganske kraftig nót. Utstyrt med kvasse knivar, tek Henrik Rutledal og Julian Enehaug fatt på oppgåva med å skjera henne laus.

– Det er store krefter som må vera lause her, sjå berre denne store steinen, som no ligg over nóta, seier Rutledal. Han arbeider eigentleg med catering og mat for organisasjonen, men leverer eit par friske hender til innsats når organisasjonen er på seglas.

Julian, som nærast ligg med hovudet inne i steinrøysa, fortel at dei stort sett vert tekne godt i mot langs kysten. Spesielt gjeld det når dei gjer fellesfront mot eit samfunnsproblem, slik som plasten.

– For fjor låg me side ved side med oppdrettarane under den nasjonale strandryddedagen. Me samla inn over åtte tonn plastikk, mellom anna ved hjelp av eit eldre ektepass som sa at dei hadde samla opp litt i løpet av året. Litt viste seg å vera 1,2 tonn, smiler duoen om kapp.

 

Ulike kjelder

I fjor viser tal frå Hold Norge Rent at det vart fjerne 1 374 tonn avfall og at det vert rydda 2 207 kilometer med strand i Noreg i fjor. Auken frå 2016 var formidabel, med ei auke på mengde søppel med 264 prosent. Lenga av strand rydda auka med 154 prosent.

– Den mykje omtala plastkvalen skapte mykje ny merksemd retta mot plastureining. At han kom på vår eiga stovedør, skapte mykje meir merksemd enn om det hadde skjedd på ei strand i Indonesia, meier Oddekalv, og peikar på at den ulukkelege plastkvalen sin død, og har  resultert i eit aukande internasjonalt fokus. I Hordaland auka innsatsen frå 2016 til i fjor med 832 prosent. Det gjekk frå 61 til 569 strandryddeaksjonar.

– Likevel skulle me gjerne sett meir offensive politiske målsetnadar, både av eigne styresmakter og av EU, seier Oddekalv.

Ser ein til dei nasjonale funna, viser det seg at 45 prosent av avfallet kjem frå personleg forbruk. Avfall frå maritim næring, som fiskeri og oppdrett, kan stå for omlag 37 prosent av avfallet, går det fram av Strandrydderapporten 2017.

I år er den nasjonale strandryddedagen datert til laurdag 5. mai.

av Trond Hagenes

 

Strandrydding i Valesvika vert inspisert av denne karen.