apr 272018
 

Thomas Johnson meiner at kystlaget skal handla om meir enn berre stell av gamle trebåtar.

Dei gode opplevingane er det viktigaste kystlaget vil dyrka fram. Skraping, snikring og klinking på båtane kan vera for dei spesielt interesserte.

 

Thomas Johnson har sigla sidan han var unggut i Buffalo i USA. No som han er i ferd med å trappa ned på skulejobben, har han mønstra på som leiar i Austevoll kyst- og sogelag. Der handlar det om å ta vare på gamal kultur, fyrst og fremst gjennom dei gode inntrykka, men òg å ivareta kunnskap.

– I Noreg har dei alltid bygd trebåtar nett omvendt frå alle andre stadar. Dei la fyrst borda til skroget, deretter la dei ned spanta. Båtbyggjarane har på ein heilt annan måte spela på lag med treverket enn andre stadar. Me har fått utruleg raske båtar, smilar Johnson, som trass i eit ørlite hint av amerikansk aksent, etterkvart er å rekna som fullblods austevolling.

– Når du ser på vasslinjene på gavlabåten vår, ”Notmann”, forstår du at han er som skarpsiglar å rekna, seier Johnson. Han fortel om rigging, og ikkje minst kor kjekt det er å flisa moderne plastsiglarar på same storleik med ein trebåt som er 101 år i 2018.

Resten av saka får du på papir eller PDF denne veka.