apr 272018
 

Dei humanistiske konfirmantane. Bak frå venstre: Victoria Rabben, Putri Patrizia Augustina, Edz Gallardo, Linnea Fagerbakke Heggland, Herborg Magnussen Kolbeinshavn, Agnes Helene Hagen. Framme: Mathias Bjørhovde, kursleiar Jens Kallekleiv og Trym Bjelland Kvitnes.

 

Identitet og sjølvbilete, forelsking og seksualitet, kritisk tenking, og alkohol, rus og ansvar er nokre av tema elevane som har valt humanistisk konfirmasjon har vore igjennom i vår.

 

Tidlegare måtte niandeklassingane som ynskte humanistisk konfirmasjon reisa til Bergen for å delta på konfirmantundervisning. I år er fyrste året der ungdomane har fått tilbod om undervisning i kommunen, og kursleiar, Jens Kallekleiv er strålande nøgd med konfirmasjonsåret som snart er ved vegs ende.

– Det har vore ein super gjeng å vera saman med. Dei har sterke meiningar, og har alle utvikla seg etter kvart tema me har vore igjennom, fortel Kallekleiv.

Grilla ordføraren

Dei ni humanistiske ungdomane, som utgjer om lag ti prosent av konfirmantane i kommunen, er samla i eit klasserom på ungdomsskulen. Dei angrar ikkje på valet om å gå den human-etiske vegen.

– Systera mi konfirmerte seg humanistisk, og eg hugsar at eg syntest det var så kult å vera med på seremonien i Grieghallen på sjølve konfirmasjonsdagen hennar. Det vart eit enkelt val for meg å gjera det same, fortel Herborg Magnussen Kolbeinshavn.

Ho kjende ikkje på presset på å konfirmera seg i kyrkja.

– Det einaste som var keisamt var når alle dei andre i klassen var vekkreiste på konf-leir, seier ho. Det kjekkaste tema å diskutera meiner Herborg var klimaendringar, og i tillegg var det eit høgdepunkt dagen då ordførar Morten Storebø og Stina Nordbak frå kommunen var på besøk. I fylgje kursleiaren vart gjestane grilla og fekk kritiske spørsmål til tema ungdomsklubb, ungdomens kommunestyre, global oppvarming, avfallsortering, polititransport og psykisk helse.

– Eg synest alle undervisningstimane har vore lærerike på kvar sine måtar. Der det i kyrkja er meir A4 med faste svar så er det meir ope og ein kan meina kva man vil når ein konfirmerer seg humanistisk, seier Kolbeinshavn. Og det viktigaste ho har lært:

– Å ikkje uttala seg om ting før ein har høyrt fleire sider av saka.

Agnes Helene Hagen gler seg til seremonien i Grieghallen, og til feiringa i kantina på ASV etterpå, der ho har valt å ha flamingo-tema.

– Då eg fortalde pappa at eg ikkje ville konfirmera med i kyrkja så var det heilt greitt, han sa at eg måtte gjera det eg sjølv hadde lyst til, fortel Agnes Helene. Ho seier at ho har lært viktigheita med kritisk tenking, og peikar på at ho slutta å tru på Gud ved å læra meir om naturfag.

– Me har fått hjelp til å skjønna kva vår eigen meining er, for her er det ikkje lov å svara at me ikkje veit.

 

 

Kjekt med alternativ

Linnea Fagerbakke Heggland fortel at då ho ikkje er kristen følte ho det var feil å konfirmera seg i kyrkja.

– Eg trur likevel mange gjer det fordi alle andre gjer det. Det er fint at det har kome eit alternativ her ute slik at det er enklare å vela det ein sjølv ynskjer, seier Linnea.

Ho meiner at alle tema dei har vore innom har vore viktige, men det mest interessante for hennar del var å diskutera menneskerettar.

Målet ved humanistisk konfirmasjon er å oppmuntra til sjølvstendig tenking, etisk refleksjon, og å styrka dei livssynshumanistiske verdiane i samfunnet. Ein treng ikkje vera medlem i Human-Etisk forbund for å konfirmera seg. Jens Kallekleiv har derimot vore medlem i 30 år.

– Eg arbeidde tidlegare på sjøen, så då var det ikkje så enkelt å bidra. No når eg er vorten pensjonist passa det ypparleg å bruka tida mi på dette, fortel han, og legg til at han måtte igjennom fleire rundar med kurs for å kunna undervisa konfirmantane.

– Dette har absolutt gitt meirsmak, og eg vil gjerne gjera dette vidare òg. Og om det er fleire som kan tenka seg å undervisa så er dei hjarteleg velkomne til å melda seg til å vera med neste kull, avsluttar Kallekleiv.

 

Av Maria Vassnes