apr 272018
 


Det er ikkje typisk norsk, akkurat. Kunne me likevel klart å få i gang ein graskarkonkurranse i Austevoll?Mange har alt meldt seg på graskarkonkurransen vår. Så kjekt det er!

Neste tysdag 8. mai kan dei som ynskjer plante, henta denne på Marsteinen sine kontor i Gamle prestahagen mellom klokka 9 og 15.

Målet her er at me kan samlast i haust og vega alle graskara i ein skikkelig haustfest. Den som har dyrka fram det største graskaret, får ein premie.

Meld frå til journalist May Linn Clement om du er interessert. Send SMS til 994 62 296, bruk Messenger eller send e-post til may.linn.clement@marsteinen.no.