mai 032018
 

Thorgeir Gustavsen i raudt instruerer Tore Storebø Salthella om flugekastinga. Bak har Rita Gurvin Sviggum fått has på teknikken.

Fargerike snører buktar seg i lufta, tilsynelatande lever dei nesten sine eigne liv trass at det er eit menneske som står i enden og gjer smått merkelege rørsler med flugestengene sine.

 

Å seia at austevollingar har flugefiske i blodet er å ta for hardt i. Når Austevoll jakt- og fiskelag arrangerer kurs med mentor frå Noregs castingsforbund, troppar eit knapt dusin ivrige fiskarar opp. Thorgeir Gustavsen er generalsekretær i forbundet og har teke vegen over fjellet for å læra frå seg den edle flugefiskekunsten til både unge og middelaldrande.

– Det er ein ting som gjeld – det er å øva, seier den ivrige flugefiskaren, som tek mål av seg til å konkurrera i verdsmeisterskapen i flugecasting i Storbritannia seinare i år. I dag er det eit heilt anna nivå på deltakarane. Målet for mange er berre å få flugelina og fortommen til å strekkja seg heilt ut. Om du ikkje har den rette teknikken, landar lina og fortom gjerne som ein buktande slange. Det eignar seg mest til å skremma bort eventuelle laksefiskar du helst vil skal bita på flugekroken din, ikkje flykta frå han.

Les meir i Marsteinen denne veka – me har òg vore på fisketur med Arne Lunde.