mai 092018
 

Taren som her vert hausta, vart sett ut som småplantar i desember. Tekst og foto: May Linn Clement.

– Om to-tre månader får du kjøpt dette i butikken. Definitivt.
Det seier Harald Sveier, dagleg leiar i Ocean Forest og technical manager i Lerøy Seafood Group, medan han tygg i seg litt av den nyhausta sukkertaren. Dette er tredje året dei haustar denne undervassgrønsaka. Mengda har auka enormt berre det siste året.
– I fjor hausta me 40 tonn. I år er målet 100, men eg trur me kjem oppi 115 tonn. Dette vert truleg fyrste år med overskot etter oppstarten.

Harald Sveier frå Lerøy og Anders Karlsson-Dragensholt frå Bellona, dei to selskapa som eig Ocean Forest.

Les heile saka i Marsteinen.