apr 092011
 

Hans Magnus Drønen og reiarlaget «Staaløy» hadde alliert seg med vêrgudane då det var dåp og velsigning av nybygget i Torangsvågen. Reiarar og fiskarar i ringnótsegmentet var fulle av godord om det dei såg om bord.

– Instrumentering og alt er akkurat det same som i ein ny ringnótar, den einaste skilnaden er at kyst har mindre RSW-kapasitet, sa ein røynd fiskar Marsteinen snakka med.

– Denne båten er faktisk større enn ringnótaren me fekk i 1968, gamle «Manon», sa Inge Halstensen, som sjølvsagt var innom.

Meir om «Staaløy» og fleire bilete får du sjølvsagt sjå og lesa i avisa på torsdag.

Gratulasjonsannonsane kan du sjå her