mai 112018
 

Silje Blix og Christina Hausberg held begge til på Bekkjarvik torg, og er glade for å ha butikkane i nærleiken av kvarandre.
– Då kan me gje kvarandre råd, og spørja om vanlige «nabotenester» om det er noko me manglar, som kassarull eller tape, seier Silje med glimt i auga.

 

Fleire av butikkane i Austevoll seier at dei merkar ein auke i handelen samanlikna med fjoråret, og peikar på større fokus på lokal handel som ein av grunnane for dette.

– Om ikkje folk hadde handla lokalt så hadde me ikkje overlevd, poengterer Christina Hausberg. Ho har sidan juli i fjor vore dagleg leiar av sportsbutikken Bekkjarvik sport og fritid, og seier at ho merkar at fleire kundar er meir medvitne når dei skal handla sko og klede.
– Mange kjem innom butikken for å sjå kva eg har, istadenfor å reisa rett til byen for å handla der. Eg er veldig takksam for at folk vel å nytta seg av dei butikkane som er her ute, det er jo det som gjer at me kan fortsetja, smiler Hausberg.

Ynskjer lokale gåver
Sjølv om butikkeigaren på sportsforretninga har merka at det dei siste åra har kome fleire kledebutikkar i kommunen, meiner ho at dei fleste har ein god dialog på å ta inn forskjellige merker og varer, slik at dei utfyller kvarandre snarare enn å konkurrera mot kvarandre.
På nabobutikken, Moods of design, er det berre produkt til barn som gjeld, og eigar Silje Blix fortel at ho prøver å tilpassa seg kundane og deira behov så langt som mogleg.
– Eg starta fyrst nettbutikk i 2015, men etter kort tid kom tankane og draumen om ein fysisk butikk. Året etterpå opna butikken min på Bekkjarvik torg, og det fyrste året tok eg som eit prøveår. Då slukte eg alle tilbakemeldingar, høyrde på alle ynskje og både prøvde og feila på mange måtar. Det viktigaste for meg er å tilby barneklede folk vil ha i forskjellige prisklassar, og eg prøver å alltid skaffa det folk ynskjer innanfor mitt segment, seier Silje.
Ho meiner at det er særs givande å driva butikk, men at det kan vera utfordrande å vera i ein liten kommune.
– Det er til tider knallhardt, men eg treff så mange kjekke folk, både ungar og vaksne, fastbuande og tilreisande. Det var stort når nokre kundar som har hytte i Austevoll fortalde meg at dei berre handlar klede til barna når dei er på hytta, for dei skjønar at det ikkje er sjølvsagt at butikkar kan gå rundt i ein så liten kommune, og vil gjera sitt for at feriestaden deira skal vera ein stad dei kan trivast på.
Silje er oppteken av å støtta dei andre butikkane i kommunen òg, og er klar i tala når folk spør kva ungane ynskjer seg til jul eller bursdagar.
– Då svarar eg alltid at dei ynskjer seg noko lokalt. Det aller meste eg treng får eg lokalt, og difor nyttar eg meg av dette, slik at butikkane her ute kan bestå. Mange austevollingar er flinke på dette, og spesielt i jula var det stort fokus på dette. Då fekk folk stempel for kvar gåve dei kjøpte på øyane. Fleire kundar kjem stadig tilbake, og det betyr utruleg mykje for meg. Sjølv om dei tilreisande er flinke til å handla hos oss er det avgjerande å ha lokale kundar, då eg ikkje kan driva butikk på ferie-basis, slår Silje fast.

Kjekt med konkurranse
På Storebø er dei òg nøgde med utviklinga, og butikksjef på Extra Austevoll, Marianne Horseng, trur at handelslekkasjen er minimal.
– Folk er flinke til å støtta matvarebutikkane her ute. Me opna i november 2016, og sidan den tid har det berre gått ein veg: oppover. Det er kjekt å sjå at den andre Extra-butikken, som no vert driven av bror min, òg framleis gjer det veldig bra, seier Horseng. Ho meiner at slik det ser ut no så er det marknad for alle matvarebutikkane som er ute, og at det er bra for kundane.
– Det er kjekt å ha konkurranse frå dei andre kjedene.
På Extra opplever dei stor pågang kvar dag, og er no i gang med sundagsopen butikk, i tillegg til alle andre dagar i veka.
– Dette gjer me fordi kundane ynskjer det, og dei tilsette synest det er kjekt å jobba om sundagar. Me er glade for alle kundane som støttar oss kvar dag, og skal fortsetja å jobba for at dei skal vera nøgde og at dei kan finna det dei vil ha i butikken vår.

Av Maria Vassnes